Oda nærmar seg 50-meteren i slegge

(13.05.2018) Det har vore ei aktiv Gular-helg på ulike arenaer frå Byrkjelo i nord til Grimstad i sør, men mesteparten gjekk føre seg på Karabinlekene på Fana stadion.

På 200m for kvinner vann Naomi med 24.16 mens Live vann J18/19 med 24.38, dei løp i same heat med litt for sterk vind (+3.2). Tidlegare i helga løp Live på knallsterke 7.50 på 60m i +1.9, pers med 15/100, medan Naomi vann 100m på 12.12. I lengde var Live best med 5.82, medan Naomi hoppa 5.72. Vi ser fram til fleire duellar mellom desse to utover sommaren. På 100m vart det også fine persar av BT-jentene Hanne Arstein (12.46) og Brita Mehl Lode (12.73) som gjorde comeback etter eit års fråvær med skade. Brita hoppa også 1.52 i høgde og støtte 10.28 med seniorkula. Oda Myklebust persa til 49.47 med seniorslegga på Fana fredag. Dagen før kasta ho og Hedda Aasgård 3kg slegge på Byrkjelo, her vart det 55.57 på Oda og Hedda var like bak med pers 54.25. Det er no tre norske jenter (Oda er ein av dei) som har klart EM U18 kravet på 56.00, og Norge kan berre stille med to deltakarar. Her blir det kamp om plassane! I diskos noterte Oda 36.87 i sesongdebuten med denne reiskapen.

Tor Junor Kringstad Vedde var eit ukjent namn for dei aller fleste før sesongstart, men han har imponert på fleire stafettetappar i vår. Under Karabinlekene slo han til med 22.40 på 200m, pers med over eit sekund og godt under NM-kravet. Også fin pers av Hovdings 16-åring Sebastian Wichstrøm Rolland med 700g-spydet: 52.49. Even Meinseth hadde tatt turen heim til Grimstad, der han debuterte på 400m med 50.03 på ein blåsande dag på Levermyr stadion. Dermed får pappa Frank Otto sin familierekord (49.94 frå 1986) leve litt lenger, men vi trur ikkje den overlever sesongen.