Marius Vedvik vann Arne Risa 3000m Classic

(09.05.2018) I fjor arrangerte Gular ein 3000m på Fana i starten av mai med god deltaking og gode tider – Per Svela løp då under 8:00 for første gong. I år oppgraderte klubben arrangementet, og gav det namnet ‘Arne Risa Classic’ etter klubbens storløpar, æresmedlem og mangeårige trenar. Før stemnestart fekk Arne overrakt eit innramma bilete i storformat frå hans aktive dagar – nærare bestemt frå NM på Fana 1969.

I kvinneheatet som gjekk først sette Stord-jenta Pernilla Eugenie Epland solid pers med fine 9:33.37. Her noterer vi oss eit flott løp av Gulars eigen Ine Bakken som vart nr. 7 og klarte NM-kravet med fine 10:09.68, dette var pers med eit heilt minutt og førte henne også inn på klubbens 10-på-topp liste gjennom tidene.

I herreklassen var det to store heat med til saman 67 mann på start. Likevel gjekk det greit å få felta av garde, og det gjekk ikkje mange hundre metrane før det var god strekk i feltet i begge heata. Totalt løp heile 39 mann under 9:00 (heile A-heatet og 10 mann frå B-heatet), og heile 23 mann i A-heatet løp under 8:37! B-heatet, som gjekk først, vart vunne av haldensaren Trym Tønnesen på 8:42.21, her gjorde Sondre Dingsør ein prima harejobb. Det vart persar på alle våre sju mann i dette heatet, og både Martin Finne (8:51.36), Johannes Teigland (8:53.63) og Filip Zizka (8:57.56) kom under 9:00.

Så var det klart for kveldens høgdepunkt: A-heatet for menn. Osterøys Trygve Feidje Mjelde gjorde ein flott harejobb i 1400m, og teten passerte 1500m like under 4:00. Som så mange gonger før var det Marius Vedvik som tok ansvar og heldt oppe farten i feltet etter at haren gav seg, og denne gongen var det ingen som klarte å henge på. Sjølv om det røyna på litt mot slutten, vart det ein klar siger til Marius med pene 8:04.26. Per Svela kom sterkt på slutten og tok andreplassen med 8:07.31, med tredjeplassen gjekk til juniorløparen Simen Halle Haugen med 8:09.83, pers med 17 sekundar! Simens bestefar Per Halle (pers 7:50.6 i 1972 og nr. 7 i OL-finalen på 5000m det året) konkurrerte for øvrig ofte mot Arne Risa. Vidar Dahle vart nr. 6 med 8:22.78, og Jacob Boutera persa med 10 sekundar og fekk sterke 8:24.48 på åttandeplass. Dermed kom han seg inn på klubbens topp-50 gjennom tidene, for øvrig to hundredelar før Frank Otto Meinseth (far til Even). Stemneleiar Knut Forthun er no nr. 50 på denne lista med 8:27.8. Lenger bak i feltet var Jens Bøhmer (8:36.24) og Eldar Thomassen Fagerbakke (8:44.31) litt bak persane, men det er enno tidleg i sesongen.

Det var ein flott kveld på Fana stadion, og sjølv om det var litt vind, så unngjekk ein regnbygene som kom som varsla nokre timar seinare.