Holmenkollsiger nr. 14

(05.05.2018) Det vart nok ein Holmenkollsiger til Gulars herrelag laurdag- den 14. gjennom tidene. På denne flotte vårdagen i hovudstaden vart det dessutan siger i menn senior i andrelaget, som dermed rykker opp i eliten neste år. Damelaget var svekka sidan i fjor og vart nr. 7, men kjem sterkare igjen neste år.

I menn elite kom Gular greit ut, men etter fem etappar var det nesten halvminuttet fram til leiande Ull-Kisa. Jacob Boutera tok inn nesten heile luka fram til Jessheim-klubben med ein sterk etappe på lille Besserud, og Per Svela tok teten tidleg på Besserud-etappen. Han fekk snart selskap av Tjalve, men rykka frå opp mot toppen og leverte pinnen til Jens Bøhmer fem sekundar føre arrangørklubben. Deretter auka luka jamt og trutt, og ankermann Torbjørn Lysne kom i mål 37 sekundar føre Tjalve, på akkurat same slutt-tid som i fjor: 50.08. Dermed vart det reprise på suksessen frå i fjor, og den sjette sigeren på 2000-talet. Torbjørn melde seg saman med Vidar Dahle med dette inn i den framleis eksklusive ‘fire-Kollen-gull-med-Gular-klubben’, som no har ni medlemmer. Neste år kan dei bli historiske, det er nemleg ingen som har meir enn fire Kollen-sigrar i Gulardrakta. Ein gjennomgang av etappetidene viser at Even Meinseth tangerte etapperekorden på 11. etappe, han vart også historisk ved at han og pappa Frank Otto (på vinnarlaga 1987-1989) begge har vunne Holmenkollstafetten for Gular, det er første gong ein far og son duo har klart dette. Det var også fleire andre som noterte seg for dagens beste etappetid: Jacob Boutera på lille Besserud (6. etappe), Tor Vedde (9.etappe), Marius Vedvik (10. etappe) og Leonard-Johan Nesheim på 14. etappe (sjarmøren).

Damelaget fekk ein grei start og var oppe på tredjeplass etter seks etappar. Deretter vart det tyngre, men laget løp seg opp igjen på slutten og tok sjuandeplassen, berre 12 sekundar frå femteplassen. Neste år tar dei nok tilbake ‘beste-i-byen’ tittelen frå Varegg. På etappetids-statistikken var det Christine Bjelland Jensen med nest beste tid på den kortaste etappen som kom høgast, men det var mykje fin løping også elles på laget, som var svekka av nokre forfall. BUL vann dameklassen med to ex-Gular-løparar på laget: Ingrid Kristiansen og Anne Hansen, og vi gratulerer dei og trenar Frode Hansen (på Gulars vinnarlag 1987-1989) med flott innsats.

Andrelaget for menn, som stilte i klassen menn senior (nivået under eliten), gjekk i tet på slutten av første etappe og der var dei resten av stafetten. Dei var tolv sekundar føre OSI i mål, og hadde blitt nr. 12 i eliten med den tida dei løp på. Laget hadde ei fin blanding av nykommarar og rutine, heile 9 av løparane har tidlegare vore med på å vinne eliteklassen.