Flotte persar i kast og stav

(06.05.2018) Det var ikkje berre på Holmenkollstafetten våre utøvarar leverte flotte prestasjonar i helga. Bergens Turn hadde fleire utøvarar i aksjon på ulike arenaer. På Fana stadion forbetra Hedda Hauge Aasgård sin eigen junior-19 klubbrekord i diskos med 40 cm til 39.44. Jamgamle Oda Marie Myklebust hadde tatt turen til danske Lyngby, der ho persa med 7cm med 4kg-slegga med eit kast på 48.60. Under Laksevåglekene på Nygårdmyren sette Christian Vik Pettersen utepers i stav med 3.94, medan Eskil Njerve (biletet) persa til 3.74 og hadde eit svært godt forsøk på 3.84.