Gular-dobbel på Ask – og klubbrekord i diskos!

(01.05.2018) Gular dominerte Askstafetten med siger i begge seniorklassene, og dei andre laga våre (vi hadde totalt med 5 herrelag og tre damelag) følgde fint opp. I dameklassen vann Naomi Van den Broeck første etappe på ny løyperekord, og Ine Bakken heldt Gular i tet fram til andre veksling. Oppover bakkane på tredje etappe vart Lina Rivedal passert av Haugesunds juniorlag som hadde årets juniormeister i terrengløp, Vilde Våge Henriksen på denne etappen. Ved siste veksling såg luka ut til å vere for stor til at Live Haugstad Hilton kunne hente den inn, men etter ei knallsterk opphenting kom Live først i mål, sekundet føre Haugesunds juniorlag. Gular 2 og 3 vart hhv. nr. 3 og 4 i seniorklassen, her vil vi trekke fram Malene Njaastad på Gular 2 som hadde sekundet betre etappetid enn Ine på Gular 1. På biletet frå venstre: Lena, Ine, Naomi og Live (foto: BT).

Heller ikkje i herreklassen var det slik at førstelaget alltid hadde dei beste etappetidene. Etter første etappe leia Kristiansand, og Gular 3, 2 og 1 kom inn til veksling like bak og i denne rekkefølga, med Tor-Junor Vedde for Gular 3, Leonard-Johan Nesheim for Gular 2 og Kristoffer Grindedal for Gular 1. (Forrige gong Gular 3 var første Gular-lag inn til veksling på ein gatestafett meiner vi var etter første etappe i Sjøkrigsskolestafetten ca 1990, og at det var den taleføre haugesundaren Harald Dyngen som stod for dette!). Etter andre etappe var Kristiansand framleis i føringa framfor Gular 2 (Jacob Boutera), og deretter følgde Vidar Dahle for Gular 1 som låg likt med Asks juniorlag. Dei andre laga hadde no mista kontakten med kvartetten i tet. Etter tre etappar var feltet framleis samla, men no vart det Ask-juniorane som var i tet, med Kristiansand og dei to Gularlaga hakk i hæl etter fin løping av Thomas Heggøy på Gular 1 og Sivert Sellevold på Gular 2. På fjerde etappe skaffa Marius Vedvik på Gular 1 ei luke til Kristiansand, medan Mats Hauge på Gular 2 også passerte Ask og veksla på tredjeplass. Jens Åstveit heldt teten på femte etappe, medan Jens Bøhmer leverte ei sterkare etappetid og tok igjen Kristiansand. Sondre Dingsør sparte ikkje på kreftene på ankeretappen og sette ny løyperekord, medan Alex Tesfamariam på Gular 2 hadde ein hard kamp med Kristiansand om andreplassen der han til slutt måtte sjå seg slått med eit sekund. Gular 3, 4 og 5 vart hhv. nr 5, 7 og 10 i seniorklassen. Dette lovar veldig bra for helgas Holmenkollstafett. I tillegg til Sondres etapperekord hadde Vidar delt beste etappetid og Marius Vedvik og Jens Bøhmer var også raskast på sine etappar. Slutt-tida var 12 sekundar bak løyperekorden frå i fjor, men eit så godt andrelag har vi vel aldri hatt på Ask!

I tillegg til all den flotte stafettløpinga i dag vart det også ein ny klubbrekord. Under kaststemnet på Fana stadion i ettermiddag kasta Hedda Hauge Aasgård 39.04 i diskos og forbetra dermed Oda Marie Myklebust sin junior-19 klubbrekord frå i fjor på 38.31. Men vi trur ikkje denne rekorden blir ståande så lenge. Hedda kasta også 53.43 i slegge (3 kg) som er ein snau meter bak persen ho sette tidlegare i år.