Siger i Gneiststafetten og sterk løping i BCM

(28.04.2018) Det er tett mellom stafettane og gateløpa no på våren. Onsdag vart det klar siger i herreklassen på Gneiststafetten, medan det vart andreplass i dameklassen. Under Bergen City Maraton laurdag noterte vi fleire fine tider på 5km og halvmaraton, og i tillegg hadde vi fleire med på sterke stafettlag på halvmaratondistansen. På 5km for kvinner vart det dobbelt Gular ved Lina Rivedal (18:32) og Kjersti Fresvik (18:53), medan Martin Finne vart nr 2 på 16:12 og Ken Tony Johansen nr 4 på 17:39. På halvmaraton vart det fine persar på Malene Njaastad (1:27.57) og Stine-Mari Taule (1:30.58).

På bildet vekslar Eldar Fagerbakke til Leonard-Johan Nesheim etter første etappe på Gneiststafetten.

Vi ser fram til Askstafetten tysdag 1. mai med stor deltaking frå Gular (5 herrelag!) og Holmenkollstafetten laurdag 5. mai med to herrelag og eit damelag.