Martin og Kjersti raskast av våre i Sentrumsløpet

(21.04.2018) Det er ikkje berre i USA våre løparar er i aksjon for tida. Under Sentrumsløpet i Oslo i dag plasserte våre løparar seg bra. I herreklassen var Martin Finne best av våre med 17.plass på fine 31.32, medan Jens Bøhmer var 5 plassar, men berre 3 sekundar, bak. I dameklassen vart Kjersti Fresvik nr. 18 med 37:23, her kom også Ine Bakken (38:40/29.plass og Andrea Boutera) (39:05/37.plass) inn blant topp 40. Vi tar også med at Lina Rivedal vann 10km i siste løp i Åsanekarusellen med 37:37.