Marius persa og klarte EM-kravet på 10000m!

(20.04.2018) Marius Vedvik slo til med eit kjempeløp under Mt.SAC Relays i California i går. I eit sterkt 10000m-felt vart han nr. 3 med 28:42.15, rundt ti sekundar bak dei to i tet. Med dette forbetra han persen frå 2014 med vel seks sekundar, og klarte EM-kravet (28:55.00) med god margin. Han er no tredje best i kretsen gjennom tidene og nr. 17 i Norge på distansen. Per Svela følgte fint opp med åttandeplass på 29:09.03, hans klart beste løp etter skadeavbrekket han fekk i siste del av fjorårssesongen. Det er tydeleg at treningsleiren i USA har vore vellukka. Elles var det grei sesongopning både av Jens Åstveit (3:53.55 på 1500m) og Sondre Dingsør (1:53.13 på 800m) i same stemne.