Gull og sølv på Fristafetten

(11.04.2018) Stafettsesongen er i gang – og det vart ein god start for Gular med siger i menn senior og andreplass i kvinner senior på Fristafetten. I herreklassen vart det den tredje sigeren på rad, vel fem sekundar føre Gneist sitt juniorlag og seks sekundar bak fjorårets løyperekord. Sterkt når ein veit at vi har seks mann i USA på treningsleir og at bronseduoen frå stafetten frå terreng-NM, Jacob og Jens, også stod over dagens stafett. Alex Tesfamariam for Gular 1 og nykommaren Tor-Junor Vedde for Gular 3 (!) var i front etter første etappe, likt med Thomas Heggøy sin klubbrekord på den 600m lange etappen (1.22). Vi tapte litt til teten då Torbjørn Lysne fekk krampe på andre etappe, men etter gode løp av Kristoffer Grindedal og Vidar Dahle var vi i ryggen på Gneist etter fire etappar. Leonard-Johan Nesheim sette etappeklubbrekord på femte etappe og fekk luke, og Even Meinseth sin ankeretappe var også jamt med det Joakim Dang leverte på denne etappen i 2016. Andrelaget var nr. 4 i mål og nr. 2 i menn senior, medan 3. laget var nr. 7 i mål og nr. 5 i menn senior sjølv om dei berre var sju sekundar bak andrelaget.

I dameklassen vart det andreplass bak Varegg, som hadde to ex-Gular løparar på laget (Heidi Ann Bruknapp og Eli Anne Dvergsdal). Her leverte Naomi Van den Broeck ein andreetappe omtrent på nivå med det sterke løpet ho leverte i 2016. Dei andre på laget var Lena Indrebø, Ine Bakken, Malene Njaastad, Andrea Boutera og Hedda Hauge Aasgård.

Bildet viser fjerde veksling der Leonard får pinnen av Vidar, mens Stian Aarvik vekslar til Hermann Ellingsen for Gneists juniorlag.