Oda klarte EM U18-kravet i slegge

(08.04.2018) Under kaststemnet på grusbana på Fana stadion i dag slo Oda Myklebust til med ein solid pers då ho kasta 3kg-slegga heile 58.72. Dette er godt over EM U18-kravet på 56.00, og også langt over fjorårspersen på 55.08. Det er likevel litt tidleg for Oda å bestille billett til ungarske Gyør der EM U18 går i starten av juli, eit land kan nemleg stille berre med 2 deltakarar i kvar øving. Under dagens stemne sette nyinnmelde Hedda Hauge Aasgård solid pers med 54.13, og Sara Mikkelsen frå Brevik, eit år yngre enn Oda og Hedda, kasta sterke 57.67. Og suverent best i Norge i 2001-årsklassen i fjor var Helle Hvidsten frå Modum med 63.05, så det blir kamp om dei to plassane. Diskos-kravet (1kg diskos) på 42m skulle vel også vere innanfor rekkevidde for dei to Bergens Turn og Gular- jentene Oda og Hedda, som begge kasta på 38-talet i fjor.

Frå venstre: Hedda, Sara og Oda