Gull, sølv og bronse på NM terrengløp

(08.04.2018) Med seks mann på treningsleir i USA og eit par andre forfall hadde klubben ikkje dei heilt store forventningane før helgas NM i terrengløp på Osterøy, men med Jacob Boutera som frontfigur leverte våre aktive fin innsats. Jacob vart nr. 4 i menn senior (3 km) og var berre eit halvt sekund frå medalje etter ei sterk avslutning. Jens Bøhmer var nest best i seniorklassen med ein 9.plass og tok bronse i søndagens klubbstafett saman med Jacob – for begge to var dette første NM-medaljen i karrieren. Magnus Sirnes Hjellum vart nr. 13 og Lars Olav Måkestad Apold nr. 14. På damesida (2km) vart Ingrid Festø best av våre med ein 12.plass, med Lina Rivedal på plassen bak. Her noterer vi oss også at to av fjorårets Gularløparar, Eli Anne Dvergsdal og Ingrid Kristiansen, vart nr. 6 og 7. Mari Fjellbirkeland Johannesen vart nr.2 i jenter 16 år, tidelen bak vinnaren. I menn veteran 55-59 år vart det ein klar siger til Bjarte Bogstad.

Bilde: Bronsegutta Jacob (t.v.) og Jens.