Marius 1:06.49 på halvmaraton

(25.03.2018) Marius Vedvik vart nr. 25 på 1:06.49 i Venloop halvmaraton i Nederland i dag. Sjølv skriv han på Instagram at ei opning på 15.01 på første 5 kilometer vart i hardaste laget. Neste stopp for førdianaren er treningsleir i USA.