6 gull i veteran-NM

(11.03.2018) Under helgas veteran-NM i Grimstad vart det 6 gull, 2 sølv og 5 bronse til Gular. Arne Hamarsland tok gull på 200m i klassen 85-89 år. Kjell Sælensminde tok gull på 200m og sølv på 60m i klassen 80-84 år. I 75-79 års klassen vart det bronse på Arne Spurkeland i lengde u/t. I 70-74 års klassen tok Per Skaar og Thor Thorsen dobbeltsiger på 3000m og Arthur Lillefosse tok bronse i høgde, tresteg og på 3000m kappgang. Per Skaar tok dessutan bronse på 1500m. Per, Thor, Arthur og Kjell tok gull på 4x200m stafett i 70-79 års klassen, og Herborg Blakstad vann 60m og 200m i 75-79 års klassen.