3 gull i UM

(11.03.2018) Under helgas UM i Steinkjer vart det 3 gull, 2 sølv og 2 bronse til samarbeidsklubbane. Live Haugstad Hilton vann både 200m (24.43) og lengde (5.97) i 18/19-årsklassen, begge resultata er årsbeste. Den tredje gullmedaljen gjekk til Christian Vik Pettersen i stav gutar 16 år med 4.00, her tok Eskil Njerve bronse på 3.60. Vidare vart det sølv på 60m (7.91)og bronse på 200m (25.59, betre enn både inne og utepersen) til Hanne Arstein i jenter 17 år. Alle desse er frå Bergens Turn. Sivert Fløgstad Sellevold frå Hovding tok sølv i lengde gutar 18/19 år med 6.28.