Årsbeste av Live og Marius i landskampen

(11.02.2018) Nordisk landskamp og Pingvinlekene i Leikvanghallen stod på friidrettsmenyen denne første OL-helga. I svenske Uppsala hadde vi to deltakarar med i den nordiske innandørslandskampen. Live Haugstad Hilton sette årsbeste i lengde med 5.91, som heldt til 5.plass. Serien hennar var rekordjamn- alle dei fem gyldige hoppa var 5.86 eller lenger, altså fem cm spreiing på fem hopp – betre samling enn norske skiskyttarar hadde på skota i OL i dag! Marius Vedvik taua hovudfeltet på 3000m i store delar av løpet, men fekk det litt tungt på slutten og 8:12.57 gav sjetteplass med ei tid som var rundt sekundet betre enn tida i NM forrige helg.

Gular og spesielt samarbeidsklubbane Bergens Turn og Hovding var godt representerte på startlistene under Pingvinlekene. Her tar vi med eit utval av dei beste resultata frå dei tre klubbane. I seniorklassen for menn vart det 7.17 på 60m for Torbjørn Lysne medan nyinnmelde Jens Larsen Åstveit var best av våre på 1500m med andreplass og 3:59.64 – Gularløpar nr. 111 under 4:00 gjennom tidene. Ivar Stefansson vart nr. 5 med 4:04.23, vi trur at han og ser 3-talet når våren kjem. Leonard Nesheim noterte 1:26.71 på 600m som også gav 2.plass. i 18-19 års klassen var Sivert Sellevold frå Hovding like bak den ferske 200-persen med 23.33, han persa elles til 7.44 på 60m og 6.18 i lengde var innepers. I gutar 16 år persa Christian Vik Pettersen frå BT solid i lengde til 5.92, og 3.90 i stav er også meir enn godkjent – persen frå tidlegare i vinter er 4.10. I kule 18-19 år fekk Julie Woie Flølo frå BT opp eit støt på 11.27 med seniorkula, og vi noterer også 27.78 og knepen siger på 200m i jenter 16 år på Eva Moldestad frå Hovding, 5/100 bak utepersen frå i fjor. Hanne Arstein frå BT vann 60m hekk i jenter 17 år på 9.17, berre hundredelen føre toaren.

I desse OL-tider tar vi med at Gular har ein aldri så liten ‘aksje’ i ein av utøvarane i den norske OL-troppen. Skøyteløpar Sindre Henriksen frå Fana IL er nemleg son til Jarle Henriksen, eit namn den litt eldre garde i klubben vil dra kjensel på. Jarle har 1:52.8 som 800-pers frå 1981 og var fast inventar på stafettlaga til Gular rundt 1980 – så litt mellomdistanse-eigenskapar har nok gått i arv til sonen som har 1500m som spesialdistanse.