NM inne: Live – sølv, Marius og Torbjørn- bronse

(04.02.2018) Det vart eitt sølv og to bronse til Gular på NM innandørs i Bærum i helga. Fleire persar vart det også, men alt i alt var vel resultata for klubben litt i underkant av det ein kunne vente seg. Sølvet kom i lengde for kvinner, der fjorårsvinnar Live Haugstad Hilton måtte nøye seg med 5.71, 17 cm frå gullet. På 60m vart det ny pers på Live med 7.65 i semifinalen, og 7.67 i finalen gav 4.plass, 4/100 frå bronsen. Ein av bronsemedaljane stod Torbjørn Lysne for med ny innepers 49.25, den gamle på 49.56 vart sett då han tok sølv på distansen i 2012. Torbjørn vart for øvrig slått ut i forsøket på 200m med 22.28. Den andre bronsemedaljen gjekk til Marius Vedvik med 8:13.84 på 3000m, Marius vart også nr. 5 på 1500m med 3:49.98. På 3000m vart elles Per Svela nr. 5 med 8:19.62. På denne distansen dominerte elles Gular B-heatet med lagtempo i starten. Etter kvart viste Jacob Boutera seg som den sterkaste, og 8:34.25 er sekundet betre enn fjorårspersen ute – og vel så viktig – under NM-kravet! Dermed kan Jacob, som totalt vart nr. 13, plotte inn ein tur til vakre Byrkjelo på kalendaren for august. Pers vart det også på Ivar Stefansson med 8:39.15- 3.plass i B-heatet og Gularløpar nr. 97 under 8:40 gjennom tidene. Lenger bak vart det 8:44.34 på Jens Bøhmer og 8:49.98 på Eldar Fagerbakke, og vi noterer også 4:02.25 på Sondre Dingsør på 1500m.

Sist, men ikkje minst, leverte Naomi Van den Broeck to bra løp i forsøksheata- ho stilte imidlertid utanfor konkurranse sidan ho ønsker å kunne representere Belgia seinare i år. 24.40 hadde gitt ein klar tredjeplass på 200m, og 56.17 på 400m hadde på papiret gitt ein fjerdeplass i finalen på den distansen.