Fin sprint på Horisont Norna lekene

(21.01.2018) Innandørssesongen 2018 er i gang for alvor her i kretsen etter Horisont Nornalekene i Leikvanghallen i helga. I mellom/langdistansegjengen sitt fråvær (mange av dei er i varmare strøk) var det sprintarane som stod for mesteparten av Gularinnsatsen. På damesida vart det 7.72 (andreplass) på 60m, 25.46 på 200m og 5.82 i lengde, medan Torbjørn vann 200m og 400m på 22.46 og 49.80. Hanne Arstein persa på 60m både utan og med hekkar: 7.89 og 8.93, ho hoppa også 5.04 i lengde. Sivert Fløgstad Sellevold persa solid til 23.28 på 200m og pers vart det også på 400m med 52.18. Når vi seier persa her så meiner vi i forhold til utepersane frå i fjor – så dette var karrierens to beste løp så langt for Hovding-guten. Vi (Gular/BT/Hovding) hadde litt fleire med men viser til resultatlista for detaljar.

Vi noterer også ein sterk halvmaraton av Lina Rivedal på laurdag med 1:24.18 – solid pers!