2018-sesongen i gang

(13.01.2018) Det er berre gått 13 dagar av det nye året, men unge og ikkje fullt så unge utøvarar frå Gular og samarbeidsklubbane har alt vore i gang på fleire areanaer. Og dette sjølv om vi har fleire på treningsleir i Sør-Afrika for tida.

Kronologisk: Under KM i hopp u/t i Laksevågshallen søndag gjorde vår klubbrekordhaldar i lengde, Thomas Mellin-Olsen, eit hyggeleg comeback med 3.00 i lengde u/t og 1.35 i høgde u/t, som heldt til hhv. andre og tredjeplass i seniorklassen. Thomas fyllte 40 i fjor og kunne dermed stilt i veteran 40-44, men valde i staden den tøffare seniorklassen. Vi noterer også at hans gamle lengde- og sprintkollega Magnus Kleppe (no Fyllingen) vart nr. 3 i lengde u/t. Elles fin hopping av Hovdings Sivert Sellevold med 2.83 og sølv i MJ lengde u/t, og 16-åringen Eskil Njerve som vann høgde u/t i G16 med 1.34. Desse hoppa vil kome godt med når serierapporten skal leverast til hausten!

Torsdag var det Kengurukarusell i Leikvanghallen, der 16-åringen Christian Vik Pettersen frå Bergens Turn hoppa 4.10 i stav og dermed tangerte Henning Hofstad sin junior-19 klubbrekord innandørs frå 1974.

Og i dag gjekk det tradisjonelle Askløpet på 4.5km, der Jens Bøhmer (bildet) vart nr. 2 på 13:20, same tid som vinnaren Marius Sørli frå arrangørklubben. Vidare vart Jacob Boutera nr. 3 på 13.28, Ivar Stefansson nr. 4 på 13:32, Sondre Hoff nr. 6 på 14.25 og Salim Haroun nr. 7 på 14.33.