Godt løp av Marius i terreng-EM

(10.12.2017) Under dagens EM i terrengløp i slovakiske Samorin, på grensa mot Ungarn, leverte Marius Vedvik eit godt løp og vart nr. 39. Med dette vart han tredje beste nordmann (Henrik Ingebrigtsen nr. 11 og Tom Erling Kårbø nr. 31). Norge tok 7.plass i lagkonkurransen (tre teljande løparar), berre eit poeng bak Danmark. Dette var Marius sin sjuande strake start i EM terrengløp, han debuterte i U20-klassen som Førde-løpar heilt tilbake i 2011. Bildet er frå uttaksløpet i USA der Marius vann.