Marius klar for EM terrengløp

(29.11.2017) Marius Vedvik er tatt ut på det norske laget til EM terrengløp som går i Samorin i Slovakia 10. desember. I tillegg til individuelt er det lagkonkurranse for landslag der dei tre beste er teljande, Norge stiller med ein sterk tropp på 6 løparar i denne klassen. Det blir den sjuande strake starten for Marius i terreng-EM. Bjørnar Sandnes Lillefosse var også nær ved å kvalifisere seg, men 25.plass i terrengløpet Warandeloop i Nederland på søndag med 33.19 var ikkje godt nok. Så langt unna EM-plass var ikkje Bjørnar, Eivind Øygard frå Jølster vart nr.18 med 33:00 i same løp og slo seg inn på laget med det.