Marius vann EM-uttaket

(19.11.2017) Sidan mange av dei beste herreløparane på langdistanse i Norge er på treningsleir i USA for tida, vart uttaksløpet til EM terrengløp også lagt dit. Det gjekk torsdag denne veka i ei ca 8km lang løype på ein grusveg i Sedona, Arizona, i 1400m høgde. Marius Vedvik tok heim sigeren på 25.15, føre Ferdinand Kvan Edman (25.31), Tom Erling Kårbø (25.34), Per Svela (25.52) og Bjørnar Sandnes Lillefosse (26.32). Dei to beste reknar vi med er klar for EM i slovakiske Samorin 10. desember, saman med brørne Henrik og Filip Ingebrigtsen.

Laurdag vart Magnus Sirnes Hjellum nr 3 på 10km under Karmøy maraton med 32.11, Lars Lunde frå Stord vann på 31.34 på ein blåsande dag på Haugalandet, og torsdag vann Eli Anne Dvergsdal dameklassen i vårt eige arrangement, Bykarusellen på 3km, med 10.22, ho var nr 3 totalt.