Krava til internasjonale meisterskap i 2018 er klare

(19.11.2017) Denne gongen har Friidrettsforbundet vore tidleg ute med å kunngjere kvalifiseringskrava for dei mange internasjonale meisterskapa i 2018. Ein rask gjennomgang tyder på at dei fleste av våre utøvarar må løfte seg frå 2017-nivået for å få lov å representere fedrelandet i 2018. For å starte med dei yngste så er Oda Myklebust snaue meteren bak kravet til EM U18 i slegge 3kg (55.08 pers mens kravet er 56.00), i diskos har Oda snaut fire meter fram til kravet. Denne meisterskapen går i ungarske Gyør, ein by best kjent for eit godt handballag for kvinner. VM U20 går i finske Tampere, og her er Live Haugstad Hilton 6cm bak kravet i lengde (6.14 pers, krav 6.20). Ein plass på stafettlaget på 4x100m er også innanfor rekkevidde.

Til EM i Berlin har vi fleire aktuelle, men ingen som klarte kravet i 2017. På 200m er kravet på 20.85 ikkje så langt frå nyinnmeldte Even Meinseth sin 2015-pers på 20.96, det året hadde også Even 10.38 på 100m i medvind 2.8 (kravet er 10.32). Norge burde også ha sjanser til å kome inn mellom dei 16 beste nasjonar i Europa på 4x100m og dermed kvalifisere seg til EM. På 800m hadde vi 2 1:49-løparar i år, og kravet på 1:47.20 har nok både Thomas Heggøy og Sondre Dingsør i tankane no under vintertreninga. På langdistanse har våre tre musketerar Per, Marius og Bjørnar alle sjansar til å kvalifisere seg – krava er 13:38 på 5000m, 28:55 på 10000m og 8:37 på hinder. Per hadde 13:44 på 5000 i år, Marius har 13:45 og 28:48 som persar, og Bjørnar løp på 29:05 då han tok 10000- sølv i NM og har dessutan 13:56 på 5000m og 8:52 i eit av sine sjeldne hinderløp. Marius har vel også merka seg at maratonkravet er 2:15 (og kravet til VM halvmaraton er 1:03.30). Spesielt på 5000m kan det også bli ei utfordring at Norge får meir enn tre kvalifiserte på distansen. I dei norske kriteria heiter det at «Norge kan melde på inntil 5 i hver øvelse, men kun 3 kan stille», og vi har jo også dette med invitasjon av dei som ikkje har kravet, for å få ønska antal deltakarar i øvinga. Det er relativt sjeldan at Norge har meir enn tre kvalifiserte i same øving i ein seniormeisterskap, i nyare tid veit vi berre om 5000m for menn (EM 1974) og 800m for menn (EM 1994), begge gongene var det så vidt vi kjenner til amerikansk uttak (i 1994 berre om den siste plassen). Korleis eit slikt uttak eventuelt skal gjerast i 2018 er det ikkje sagt noko om. På damesida er det nok Naomi Van den Broeck som har best sjanser til ein Berlin-tur. Ho konkurrerer der for Belgia, som vanlegvis har minst like tøffe krav som Norge – det norske kravet på 100m er 11.45 som er to tidelar betre enn Naomi sin pers frå 2015. Men det er jo også noko som heiter 4x100m stafett! Vi ser ikkje bort frå at det er fleire Gular-utøvarar med EM-ambisjonar, kanskje spesielt på stafett, dei får la seg inspirere av at dei ikkje er nemnt her!

Elles er det jo mange meisterskap utanfor bane og også landskampar og nordiske meisterskap der vi reknar med at Gular blir representert.