Terreng-NM i Vik: Marius nr 4 og Eli Anne nr 5

(14.10.2017) Årets nest siste NM i friidrett – terrengløp lang løype – vart arrangert i Vik i Sogn i dag. Sogn og Fjordane har arrangert mange NM, junior-NM og UM på bane, og eit par meisterskap på landevegen, men merkeleg nok aldri NM i terrengløp – uansett løypelengde. I dei haustblaute løypene i den vakre sognebygda vart det fjerdeplass på 10km for menn til Marius Vedvik, han var 29 sekundar bak vinnaren. Jens Bøhmer vart nr. 13. Damene løp 6km og her vart Eli Anne Dvergsdal nr. 5, omlag halvminuttet bak bronsen. Ingrid Festø tok ein fin 6.plass, Lina Rivedal vart nr. 8, Malene Njaastad nr. 12 og Kathrine Rørtveit nr. 14. Sist helg vann Marius Bjarte Viks eliteløp og sette ny løyperekord, Jens Bøhmer tok andreplassen der.