Sterk 200m hekk av Live under vellukka Bergensleker

(01.10.2017) Bergenslekene gjekk litt seinare enn vanleg i år på grunn av sykkel-VM, men under brukbare verforhold vart det oppnådd mange gode resultat på Leikvang. Dei beste resultata frå våre samarbeidsklubbar Bergens Turn og Hovding sto Bergens Turn-jentene for. Live Haugstad Hilton debuterte på 200m hekk med sterke 28.62, trass i full stopp på siste hekk og litt motvind. Dette er tredje best i Gular gjennom tidene og ny klubbrekord i Bergens Turn. Hanne Arstein følgde fint opp med 29.41, pers med heile 1.2 sekund. Hanne persa også i lengde med 5.24, her sette Rachel Ombeni årsbeste med 4.88. Begge desse konkurrerer i jenter 16 år. I 15-års klassen persa Eva Moldestad frå Hovding til 13.56 på 100m og 27.73 på 200m. I gutar 17 år noterer vi fin pers på Sivert Sellevold frå Hovding med 11.85.

Dei beste resultata på stemnet stod 16-åringen Andreas Haara Bakketun frå Gneist og 12-åringen Andreas Fjeld Halvorsen frå Tyrving for. Gneist-løparen sette aldersrekord på 200m hekk med elektronisk tidtaking med 25.24 (Erlend Sæterstøl har 24.8 med manuell tid frå 1991). Tyrving-guten stilte i 13-års klassen og løp frå alle sine eldre konkurrentar med råsterke 4:35.82 på 1500m.

Arrangørklubbane Hovding, Bergens Turn og Gular stod for eit vellukka arrangement. Vi vil gjerne takke Stein Fossen, Il Fri, for flott speakerteneste.

Banesesongen er neten over, men vi vil gjerne nemne eit sterkt resultat oppnådd for tre veker sidan: Ingrid Kristiansen løp 800m på 2:10.67 under KM for Buskerud, solid pers og fjerde best i Gular gjennom tidene.