Bjørnar nr. 5 i Stoltzen

(30.09.2017) Stoltzekleiven Opp held fram med å trekke store deltakartal. Vi har ikkje kikka gjennom heile lista for å finne alle frå Gular, men noterer følgande blant topp-11 for menn: 5. Bjørnar Sandnes Lillefosse 8:30, og 11. Marius Vedvik 8:55, pers på begge, vinnartid 8:04. På damesida var ei sjukdomsplaga Eli Anne Dvergsdal beste av våre med 11:04 og 6.plass, Malene Njaastad vart nr. 8 med 11:11 og Lina Rivedal nr. 10 med 11:18 (vinnartid 9.44).

Frå Oslo maraton tar vi elles med at veteranen Per Skaar løp halvmaraton på 1:50.39, pent i klassen 70-74 år. Han vart nr. 3 i denne klassen, men etter det vi kan sjå var han den einaste i klassen som også starta i det innlagde NM.