Flott pers av Jens – 8:28.06 på 3000m

(23.09.2017) Det fine haustveret er det ikkje berre sykkel-VM som har glede av. Under dagens karusellstemne på Osterøy slo Jens Bøhmer til med ein flott 3000m – 8:28.06 er pers med 5 sekundar. Magnus Sirnes Hjellum var hare – på bildet ser vi to glade gutar med Jens til venstre. Måndag pynta Bjørnar Sandnes Lillefosse på persen sin på 800m under eit stemne i Arna, 1:55.47 var 7/100 under persen frå Ravnanger helga før.