Marius nr 4 i NM halvmaraton

(16.09.2017) Marius Vedvik vart nr. 4 i NM halvmaraton i Oslo i dag, NM på denne distansen var lagt inn i Oslo maraton. Med 1:05:52 var han 1 minutt og 7 sekundar bak vinnaren Okubamichael Fissehatsion frå Tjalve i den ikkje spesielt raske løypa i Oslo. Dette tyder på at formkurven peikar rett veg for Marius som ikkje fekk det til å stemme under NM i Sandnes for tre veker sidan. Sist helg vann Marius motbakkeløpet Skarsteinsætra opp i Nordfjord der han slo skiskyttar Johannes Thingnes Bø. Martin Finne leverte også eit godt løp på halvmaraton i Oslo og vart nr. 10 med 1:10:40. På 10km i Oslo løp Andrea Boutera på 41.17 og Kathrine Rørtveit på 41:19.

Onsdag 13.9 var det seriestemne på Ravnanger, og på NM-arenaen frå 1998 og 2016 persa Bjørnar Sandnes Lillefosse på 800m med 1:55.54.

Under Munketreppene Opp i Lofthus i dag vart May Britt Buer nr. 2, 8 sekundar bak vinnaren Anita Iversen Lilleskare. May Britt løp imidlertid halvanna minutt fortare enn i fjor då ho vann dette løpet. Eli Anne Dvergsdal vart nr. 3 i Først til Mølla på Stord sist helg og vann Møsterberget Opp på Voss på fredag (15.9).