Bjørnars 3:48.98 på 1500m toppa fin kveld i Arna

(06.09.2017) Under kveldens seriestemne i Arna vart det levert mykje fin løping både på 1500m, 3000m og 800m. På 1500m sette Bjørnar Sandnes Lillefosse flott årsbeste med 3:48.98, berre tidelar bak vinnaren Tom Erling Kårbø frå Stord (3.48.27). Bakover i feltet vart det fine persar både på Jacob Boutera (3:58.39) og Jens Bøhmer (4:00.03). Ved neste høve blir nok Jens Gularløpar nr. 111 under 4:00 på 1500m! På 3000m vart det ny pers på Eli Anne Dvergsdal med 9:55.55, snaut sekundet under persen ho sette under NM innandørs i 2015. På 800m vann Leonard-Johan Nesheim på 1:57.51, som er det beste han har løpt på i Gulardrakt. Kristoffer Grindedal var like bak med 1:57.92.