3 gull i UM

(03.09.2017) Under helgas ungdomsmeisterskap (UM) på Fana stadion for aldersklassene 15-19 år, tok Bergens Turn totalt 3 gull, 3 sølv og 5 bronse, medan det vart to bronse til Hovding.

Fredag vann Live Haugstad Hilton lengde på 6.06 og persa til 14.65 på korthekk som gav bronse. Live har no vunne NM senior og UM inne og UM, jr-NM og NM senior i lengde i år. Årets femdobbel! Gull vart det også til Oda Myklebust i J16 diskos etter pers og klubbrekord junior-19 i siste omgang: 38.31. Hanne Arstein persa også til 45.17 på 300m hekk som gav bronse i J16. Dei to siste medaljane fredagen kom i stav J15 der Christian Vik Pettersen vann på 3.61 og Eskil Njerve persa til 3.21 på bronseplass. Vi tar også med fin 400-pers av Sivert Sellevold frå Hovding med 52.31 som gav 5.plass i G17.

Laurdag vart det 2 sølv og 2 bronse til BT og 1 bronse til Hovding. Oda Myklebust tok sølv i slegge (52.90) og bronse i kule (11.44) – begge 3kg – i J16. Rachel Ombeni tok sølv i tresteg J16 med 11.35. I J16 persa Hanne Arstein til 11.90 på 80m hekk, berre 3/100 bak bronsen. Julie Woie Flølo i J18/19 persa i kule med 11.73 og fekk bronse på det, dessutan vart det femteplass i spyd med 39.96. Christian Vik Pettersen persa til 5.52 i lengdekvaliken i G15. Hovding-medaljen kom ved Sebastian Rolland i spyd (600g) G15 med 49.20, han hoppa dessutan 1.65 i høgde og hadde gode forsøk på 1.68 (persen er 1.66). Sivert Sellevold frå same klubb tangerte lengdepersen med 6.30 som gav femteplass i G17 berre 5 cm frå bronse.

Søndag tok Live bronse på 200m med årsbeste 25.00 og Sebastian tok bronse i kule (4kg) med 12.68.