NM: Gull til Live og sølv til Bjørnar

(27.08.2017) Under årets NM i Sandnes vart det to flotte medaljar til klubben – gull til Live Haugstad Hilton i lengde og sølv til Bjørnar Sandnes Lillefosse på 10000m. I begge øvingane var det ein spennande kamp om medaljane. I laurdagens lengdekonkurranse såg det ikkje så bra ut for Live i starten, etter dødt i første og eit mislukka hopp i andre. Det vart ikkje så lite naglebiting og nervar hos Gular-folket på tribunen mellom andre og tredje hopp! Etter eit sikringshopp på 5.64 i tredje omgang låg Live på femteplass. I fjerde omgang gjekk ho opp i teten med 5.97, følgde opp med 5.96 i femte før ho avslutta med perstangering på 6.14. Dermed hadde ho heile 23 cm ned til sølvvinnaren. Live tok sin første NM-medalje ute, vart Gulars første medaljevinnar i lengde for kvinner, yngste lengdevinnar sidan 1988 og 6.14-hoppet sørga for at vinnarresultatet også i år vart på minst 6.00. Siste gong vinnarhoppet i NM var på under 6 meter var heilt tilbake i 1978.

På 10000m søndag vart det hardkøyr frå start med 2.48 på første 1000m. Marius Vedvik vart hekta av tetgruppa etter rundt ein tredjedel av løpet, og ved passering 5000m på 14.25 var det tre mann i tet: Okubamichael Fissehatsion, Tjalve, Zerei Mezngi, Skjalg og Bjørnar. Det vart ein del rykkeløping i andre halvdel av løpet, men tetgruppa sprakk ikkje opp før 1100m før mål. Då måtte Bjørnar sleppe dei to eritrearane, Mezngi avslutta sterkt og kom inn på 28:56.95. Bjørnar henta inn igjen Fissehatsion og spurta solid frå han på oppløpssida på veg inn til 29:05.87 – pers med heile 53(!) sekundar. Fissehatsion fekk 29:10.46, og vinnartrioen sine tider var totalt sett dei beste i NM sidan 1992! På alle-tiders statistikkane er Bjørnar no nr 4 i Gular (bak Arne Risa, Marius og Atle Fosse), nr 8 i Hordaland og nr 34 i Norge. Og det internasjonale EM-kravet for 2018 er 28:55.00, kva eit eventuelt særnorsk krav måtte bli vil vi ikkje spå om……. Marius sprakk og vart nr.9 på 30:14.70. Lenger bak vart det fin pers på Jens Bøhmer med 31:19.26, medan Magnus Sirnes Hjellum kom inn på 31:52.27.

Før desse medaljane kom hadde det vore litt stang ut for klubben. På 100m fredag var Christine Bjelland Jensen 1/100 frå sin første NM-medalje då ho vart nr. 4 på 11.92. Torbjørn Lysne vart sist i finalen på 100m etter å ha sett årsbeste i semifinalen. Søndag vart det femteplass på 200m på begge desse to – Christine med årsbeste 24.31 og Torbjørn var 1/100 bak årsbeste med 21.81. Topp-6 plasseringar vart det også i fredagens harde 5000m-felt – Bjørnar nr 4 med 13:58.25 og Marius nr. 5 med 14:15.69. Lenger bak vart det årsbeste på Jens Bøhmer (14:50.18) og Magnus Sirnes Hjellum (14:58.86), medan Eldar Fagerbakke sprakk på slutten og kom inn på 15:25.47. Den siste topp-6 plasseringa stod Ingrid Kristiansen for med flott 1500-pers på 4:29.92 som gav femteplass.

Dei andre mellomdistanseløparane våre vart utslått i forsøksheata. Lena Indrebø hadde finaleplassen inne i 795 meter men vart utslått med 13/100 tidel trass i årsbeste 2:13.49. Gutta rauk ut ein etter ein – Vidar Dahle og Sondre Dingsør Skogen på 1500m, Thomas Heggøy på 800m og Kristoffer Grindedal på 800m og 400m.

På kvinnesida nemner vi også at Live Haugstad Hilton vart nr. 7 på 100m hekk like bak persen trass i bom på første hekken, Eli Anne Dvergsdal vart nr. 9 på 5000m i sitt første utandørs baneløp sidan. 2015 med 17:19.04, medan den 16-årige NM-debutanten Oda Marie Myklebust måtte nøye seg med tre kast både i slegge og diskos. Sidan resultatsida i skrivande stund er nede har vi ikkje tilgang til fullstendige resultatlister – takk til kondis.no som hadde lagt ut resultata på mellom- og langdistanse!