Marius vann 3000 på Hamar

(16.08.2017) Under dagens Norwegian Grand Prix stemne på Hamar stod Marius Vedvik for den beste Gular-prestasjonen då han vann 3000m klart på 8:01.81, hans tredje løp under 8:02 i år. Marius er nett tilbake frå høgdetrening saman med Bjørnar Lillefosse og Per Svela. Bjørnar vart nr. 4 med 8:09.94 i dagens løp, og lenger bak var Jens Bøhmer vel sekundet bak persen med 8:34.94. På 1500m vart det ‘standard 2017-tider’ både på Ingrid Kristiansen (4:36.84) og Vidar Dahle (3:53.27), medan Torbjørn Lysne skuffa med 11.22 på 100m.