Eli Anne vann Fanaråken Opp

(13.08.2017) Det er ikkje berre i London og Harstad det har blitt drive friidrett denne helga. Eli Anne Dvergsdal tok turen til Sognefjellet og vann ein klar siger i Fanaråken Opp – ho var fire minuttar før neste raskaste dame opp dei 1200 høgdemetrane frå Turtagrø til toppen på 2068 meter over havet. Tidlegare i veka vann Ingrid Festø siste løp i sommarkarusellen i Ålesund med 18.14 på 5km. Nokre av mellomdistanseløparane våre tok turen over Bjørnafjorden til Stordleikane. På 600m gjorde både Thomas Heggøy og Vebjørn Borge comeback etter skade – det vart 1:23.40 på Thomas og 1:28.40 på Vebjørn, men i neste konkurranse går det nok vesentleg betre. På 1500m vart Vidar Dahle nr 3 på 3:53.76 og Lena Indrebø nr 5 på fin ny pers 4:43.57, som førte henne inn på 10.plass på alle tiders klubbstatistikk.