Eli Anne vann verdscupløp i Tromsø

(04.08.2017) I helga var det eit rikt utval av motbakke- og fjell-løp på ulike distansar i Tromsø. Eli Anne Dvergsdal valde den kortaste og brattaste løypa – Blåmann Opp på Kvaløya som er rundt tusen høgdemeter rett opp (mål på 1044m). I ein hard duell med svenske Emelie Forsberg trekte ho det lengste strået og nådde toppen på 45:58, sekundet før den svenske jenta som bur i Nord-Noreg til dagleg. Løpet inngår i ‘Vertical Kilometer World Circuit’ som er 18 løp av denne typen rundt i verda.