Herborg nr 6 i EM veteran

(08.08.2017) Under EM veteran i Århus sist veke hadde Gular med to deltakarar – Herborg Blakstad og Arthur Lillefosse. Herborg vart nr 6 på 200m med 40.30 (40.22 i forsøket), og vart slått ut i forsøket på 100m med 19.17. Ho stilte i KV 70 (fyller 75 i september), og var dermed mellom dei aller eldste i denne klassen. Internasjonalt reknar ein veteranalder ut frå fødselsdato, medan i Norge og Norden går det på fødselsår, derfor stiller ho her heime i KV 75 i år.

Arthur deltok som vanleg i kappgang, på 5000m på bane vart det 15.plass med 35.54, og på 20km landeveg vart det 19.plass med 2.30.06. I sistnemnde øving vart det bronse i lagkonkurransen til Norge med Arthur på laget- bak Tyskland og Italia.