Christine vann 100m på Tjalvelekene

(06.08.2017) Under Tjalvelekene i Oslo i helga var det eit stykke mellom dei sterke Gularprestasjonane. Beste resultat av våre utøvarar stod Christine Bjelland Jensen for då ho vann 100m på 11.97. Ho vart dessutan nr. 3 på 200m med 24.57. 3000m for menn var den øvinga som hadde best Gular-deltaking, her var Jens Bøhmer best av våre med 8:40.77. Like bak han fekk vi ein gledeleg pers på Jonas Dalland, vegingeniøren kom inn på 8:42.02 i det vi trur var hans første pers sidan 2013-sesongen. Det går godt an å perse etter fylte 30 også! Lenger bak fekk Jacob Boutera 8:45.99 og Martin Finne 9:01.00. Ingrid Kristiansen var nokre få tidelar bak pers med pene 4:34.53 på 1500m. Torbjørn Lysne er tilbake på bana etter ei konkurransepause, 22.31 og 49.86 var eit stykke bak årsbeste for fysioterapeuten som vart pappa tidlegare i sommar. Magnus Sirnes Hjellum noterte 4:07.95 på 1500m. Vi noterer elles pers på 400m hekk med 55.88 av Leonard-Johan Nesheim, som har ferierepresentasjon for Haugesund.