200-pers på Naomi: 23.85

(27.07.2017) Under ‘Jeux de la Francophonie’, som er ein stor idretts- og kulturfestival for fransktalande land, persa Naomi Van den Broeck med 23.85 i forsøksheatet på 200m, i finalen vart det tredjeplass med 24.24, begge løpa gjekk i lett motvind. Stemnet gjekk i Abidjan, som er den største byen i Elfenbeinskysten for dei som ikkje måtte vite det. Naomi var berre 8/100 frå Sølvi (Olsen) Meinseth sin 28 år gamle klubbrekord!