Per nr 2 i Karlstad

(25.07.2017) Fleire av våre løparar hadde tatt turen til dagens Folksam Grand Prix i svenske Karlstad. På 3000m vart det andreplass til Per Svela med 7:59.86, hans tredje løp under 8:00 i år. Han vart slått av ein ungarar med 3:39 på 1500m i år. Lenger bak vart Marius nr 6 med 8.04.65 og Bjørnar nr 12 med 8.16.17, vi ser ikkje bort frå at gutta var litt slitne etter laurdagens 5000m i Belgia. No ventar høgdetrening fram til det norske GP-stemnet på Hamar i midten av august for klubbens tre beste langdistanseløparar. Elles løp Kristoffer Grindedal nok ein gong på 1:56-talet på 800m, 1:56.84 vart det denne gongen. Vi noterer elles 1:56.78 og årsbeste på Leonard-Johan Nesheim som har ferieovergang til Haugesund, og persar på to tidlegare Gularløparar: 8:18.20 på Jonas Lurås Hammer på 3000m og 2:12.61 på Vilde Svortevik på 800m.

Under karusellstemnet på Osterøy på måndag var Vidar Dahle raskaste Gularløpar på 800m med 1:55.72 i sitt første løp på distansen for året, medan Lena Indrebø tangerte årsbeste med 2:13.77.