Stafettrekord for Live og Norge i EM U20

(23.07.2017) Live Haugstad Hilton fekk det ikkje til å klaffe under laurdagens lengdekvalifisering i Grosseto, etter to ugyldige (men visstnok lange) hopp vart det moderate 5.70 i tredjehoppet. Live måtte ha persa med 6 cm for å gå vidare, 6.20 var grensa i den tøffe kvaliken. Søndag gjekk det betre på 4x100m stafett, då kvartetten Vilde Aasmo frå Sandnes, Helene Rønningen frå Tyrving, Ingvild Meinseth frå Sørild og Live løp inn til 45.42. Rett nok gjekk dei ikkje til finalen (nr 11 totalt), men dei hadde hundredelane på si side og sette norsk rekord både for U20 (gammal rekord 45.46) og U23 (gammal rekord 45.45). U23 rekorden var sett tilbake i 1985, med Sølvi (Olsen) Meinseth på laget, så Ingvild fekk gleda av å slette ein av mors rekordar.