Tre mann under 14:00 på 5000!

(22.07.2017) Under dagens stemne i belgiske Heusden (KBC Nacht) var Gular godt representert i C-heatet på 5000m. Per Svela tok heim sigeren med 13:46.48, berre to sekund bak pers, og Marius Vedvik og Bjørnar Lillefosse tok 9. og 10.plass på hhv. 13:55.78 og 13:56.17. For Bjørnar var det pers og første løp under 14:00, og han avanserte til 6.plass gjennom tidene i Gular. Tre løparar frå same klubb under 14:00 i same løp er nokså sjeldan i norsk samanheng, vi er usikre på om det i heile tatt har hendt før. Vi er svært spente både på tysdagens 3000m i Karlstad og på effekten av det komande høgdeopphaldet for våre tre musketerar på langdistanse.