Eldar klarte NM-kravet

(19.07.2017) Under sommarstemnet på Bislett persa Eldar Thomassen Fagerbakke med eit sekund på 3000m, og med 8:34.36 klarte han også senior-NM-kravet på 8:34.99. Neste år trur vi pappa Per Thomas sin familierekord på 8:21.2 kan kome under press. Elles vart det årsbeste til Kjersti Fresvik med 10:19.21 på 3000m, noko som tyder på at formen nærmar seg. Kjersti vart for øvrig nr. 2 i Vatnte Rundt i Etne i helga. Kristoffer Grindedal løp sitt tredje 1:56-løp for sesongen på 800m, og var med 1:56.30 12/100 bak årsbestenoteringa.