Ingrid nr 9 i EM U23

(16.07.2017) Ingrid Halvorsen Folvik gjorde ein flott innsats i EM U23 i polske Bydgoszcz. Etter årsbeste 4:20.51 i forsøksheatet vart det 9.plass med 4:22.70 i finalen. Opningstempoet i finalen var svært roleg før favoritten Konstanze Klosterhalfen kopla inn turboen og sprengte feltet med 60 på tredjerunden. Ingrid plasserte seg klart betre enn årsbestelista før meisterskapen tilsa, og vi håpar ho får sjanse til å pynte på persen frå 2015 (4:19.20) i eit godt felt. U23-klubbrekorden til Frida Berge på 4:17.80 burde også vere innanfor rekkevidde i løpet av sommarovergangsperioden til Ingrid som varer til og med junior-NM.