Dobbelt Gular i motbakke-NM

(15.07.2017) Under dagens motbakke-NM i Ulvik tok Gular dobbelt i dameklassen, og då det i tillegg vart ein 4.plass til Ingrid Festø var uttrykket ‘storeslem’ nærliggande å ta i bruk. May Britt Buer vann klart, 1 minutt og 40 sekund føre Eli Anne Dvergsdal. Ingrid Festø på 4.plass var rundt 4 minuttar bak May Britt og berre 7 sekundar bak bronsevinnar Anita Iversen Lilleskare. May Britt tok dermed sitt fjerde NM-gull, og med sølv og bronse i tillegg toppar ho no medaljestatistikken gjennom tidene i denne øvinga som der første NM gjekk i 2005. Med dagens andreplass tok fjorårsvinnar Eli Anne heim sigeren i årets Norgescup. May Britt vann sjølvsagt også sin klasse (KV 40) for veteranar. Elles hadde vi med Katrine Rørtveit (nr 22 totalt i dameklassen i NM) og Lars Olav Måkestad Apold (nr 15 totalt i herreklassen i NM).